Gulrotkake i langpanne

Stor oppskrift på gulrotkake til langpanne

  • 8 egg
  • 6 dl sukker
  • 6 dl kveitemjøl
  • 4 ts natron
  • 4 ts kanel
  • 2 ts muskatnøtt
  • 2 ts ingefær
  • 2 ts salt
  • 2 ts vaniljesukker
  • 2 ts bakepulver
  • 200 g smør
  • 8-10 dl rivne gulrøter

Set steikeomnen på 190 gr. og steiketid er ca 30 minutt.

Pisk egg og sukker til eggedosis (luftig og og nesten kvit.) Rør inn mjøl, krydder og natron og bakepulver først og etterpå smør og rivne gulrøter. Legg bakepapir i botnen av langpanna,eller smør den godt med margarin, smør eller olje. Hell i røra. Steik i ca 30 minpå 190 grader, nedst i omnen. Kaka er ferdig når den losnar frå kantane på langpanna. Sett langpanna på rist for avkjøling - det er ikkje naudsynt å ta kaka ut av langpanna.Legg kjøkkenhandkle over og lat den stå til avkjøling. Mens kaka vert avkjølt tek me til med glasuren.

Glasur:

  • 2 pk. Tine kremost naturell
  • 2 pk. Tine kremost med ananassmak
  • 2 ts vaniljesukker
  • 500 - 1000 gram melis (1 - 2 pakkar)

Rør saman glasuren, bruk gjerne miksmaster eller kjøkkenmaskin. Kaka bør vere ganske avkjølt før ein smørjer utover glasuren, legg handa på og kjenn at kaka ikkje er over handvarm. Smør glasuren utover kaka, dryss på appelsinkuler eller anna passande pynt om du vil. Glasuren er flytande ei stund, alt etter kor mykje melis du har rørt