Synshemmede og kroppsøving

Denne artikkelen har stått i en lokalavis i Telemark:

- Ikkje heilt A4

Eg er Nora, og eg er 15 år. Eg er ein del av ein heilt vanleg familie, bur i eit heilt vanleg hus og går på ein heilt vanleg skule. På fritida driv eg med musikk, er glad i å lese og å strikke. Men livet mitt er likevel ikkje heilt A4. Eg har nemleg Akromatopsi, ein genfeil som gjer meg nesten blind.

Eg plar seie at eg ser om lag 5% av det alle andre ser. Eg ser ingen fargar, og eg liker ikkje sterkt lys. På pc-en min brukar eg stor kvit skrift på svart bakgrunn. Eg er fødd med denne genfeilen, men det tok mange år før vi fann ut kva det var, og kva eg eigentleg såg og ikkje. Eg starta opp som punktskriftbrukar, men gjekk etter kvart over til å lese på skjerm. Å lese ting som til dømes skilt eller skrift på ark er umogleg.

På fritida mi spelar eg i korps og syng. Eg har spelt eufonium sidan eg var sju år, og reknar meg sjølv som ein ekte korpsnerd. Eg les ikkje notar, og må lære alt på gehør. Eg høyrer ei stemme eit par gonger, og så kan eg spele henne etterpå. I 17.mai-toget er det nokon som går bak meg og passar på at eg går der eg skal.

På skulen klarar eg meg greitt. Eg fylgjer dei fleste fag, med unntak av kroppsøving. Eg liker å skrive, og eg er veldig glad i matematikk. Eg har ein pc på klasserommet, og gjer alle skuleoppgåvene på den. På skulekjøkkenet og i formingstimen har eg ein assistent som hjelper meg der augene ikkje strekk til. Det er ikkje alltid så lett å skru på steikjeomnen, eller å vete kvar eg skal setje synåla.

Det er ikkje alltid folk veit korleis dei skal reagere når dei møter ei tilsynelatande blind jente. Dei fleste har sjølvsagt veldig mange spørsmål. Dei lurer på korleis det er å vere meg, og nokon gonger finn dei sine eigne forklaringer. Folk er jo veldig hjelpsame, men ikkje alle veit korleis dei skal hjelpe. Nokon latar som ingenting heilt til eg går på ein lyktestolpe, medan andre tek tak i meg og dreg meg av garde som om eg kunne stikke av. Det beste er at folk spør! Eg har ingenting i mot at folk spør kva eg ser, eller korleis dei kan hjelpe meg å finne vegen. Eg har alle svara, eg har svart på det hundre gonger før. Det er betre at dei spør og får svar, enn at dei går og lurer på ting!

Det finst ulike tilbod for unge svaksynte i Noreg. Norges Blindeforbund arrangerer leirar og kurs, og det er også klassetrinnskurs arrangert av Statped. Det heile er eit stort miljø, og eg trivst veldig godt. Der møter eg folk som eg veit går med mange av dei same tankane og kjenslene som meg, og eg får dele mine erfaringar og tankar. Leirar og kurs er høgdepunkt i kalenderen til dei fleste svaksynte eg kjenner, og det er også veldig viktig for meg. Det er ei stor hjelp i kvardagen å kunne snakke med folk som opplever det same som meg.

I framtida har eg tenkt å prøve å leve eit mest mogleg normalt liv. Det er ingenting som tilseier at eg ikkje kan få meg ein vanleg jobb, eller ein vanleg familie. Når eg om eit år skal byrje på vidaregåande, skal eg flytte for å byrje på musikklinja. Eg veit ikkje kvar eg endar opp til slutt. Kanskje eg studerer musikk, eller det kan hende eg blir noko heilt anna. Denne veka har eg hatt arbeidsveke i Driva, og det har vore veldig kjekt. Kanskje eg blir journalist?

Eg er mykje sliten. Det er tusen spørsmål eg må ta stilling til kvar dag. Går eg riktig veg no? Kjenner eg personen eg snakkar med no? Er det noko her eg kan kollidere med? Det kostar krefter å vere svaksynt i ei verd som er laga for sjåande. Eg må ta pausar, og kvile meg både fysisk og mentalt.

Det er mange tankar som dukkar opp når du er annleis. Dei fleste dagane går det heilt bra. Dette er jo livet mitt, og det er slik det alltid har vore og alltid vil vere. Men til tross for samhaldet og det gode livet mitt, er det sjølvsagt dårlege dagar. Dagar då det er så urettferdig at eg har lyst til å slå i veggen. Kvifor meg? Kvifor må eg vere annleis i mengden? Det er dagar då framtida ser heilt svart ut. Eg har også ein tendens til å føle meg einsam, sjølv om eg har folk å vere saman med. Det gjeld å finne ein balanse, og klare å sjå lyst på dei fleste av dagane, så får dei dårlege berre vere.

Vanskelege dagar er vanskelege, men dei fleste dagane er gode. Eg har folk rundt meg som gjer at eg føler meg som ein vanleg ungdom, og som støttar meg på alle dagar. Eg har ting å sjå fram til, og eg har mål for meg sjølv. Eg er utruleg takknemleg for at eg bur i eit land der det går greitt å vere svaksynt, og der ein får hjelp.

Her tar Nora opp mye viktig når det kommer til å leve som synshemmet i et samfunn som er bygget på seendes premisser. Likevel, det er en ting jeg reagerer på: « På skulen klarar eg meg greitt. Eg fylgjer dei fleste fag, med unntak av kroppsøving.»

Hvorfor blir Nora fritatt fra kroppsøving? Det er helt unødvendig. Hun kunne hatt en assistent i kroppsøving, slik hun har i forming og på skolekjøkkenet. Hun kan ikke være med på fotball, wolleyball, håndball og basketball og det kan være vanskelig å hoppe over bukk.

Dette kan ha en lett løsning: At hun får en assistent og tas ut av klassen når det blir aktiviteter hun ikke kan være med på. Noen vil nok hevde at det er stigmatiserende å bli tatt ut av klassen, men det er etter min mening mer stigmatiserende å få fritak. Hun går glipp av et viktig fag. Synshemmede har lettere for å få mindre fysisk aktivitet på fritiden og da er kroppsøving enda viktigere.

Når de andre hadde aktiviteter som jeg ikke kunne delta i, gjorde jeg og assistenten min f.eks. styrketrening, sykling på tandem, jogging, aerobic osv. Jeg fikk også lære hvordan man sparket fotball, tok imot og sendte wolleyball og håndball. På den måten fikk jeg et inntrykk av hvordan de ulike ballspillene fungerte.

Nøkkelord: